Gå rett til innhold
Du er her: 4H Norge // Aktuelt // Aktuelt
Del/bokmerk
Fylkesleir for 200 4H-arar

Fylkesleir for 200 4H-arar

Over 200 ungdomar er klar for tevlingar, aktivitetar, teltliv og moro på 4H Møre og Romsdal sin fylkesleir 29. juli til 2. juli på Gjermundnes vgs. i Vikebukt.

Her finn du praktisk informasjon om fylkesleiren.

Sigrun Sjømæling (17) frå Bjerkely 4H i Batnfjordøra er sjef for årets fylkesleir, ei oppgåve ho ser fram til med både spenning og glede.
- Eg trur vi i leirkomiteen har tenkt på det meste, men likevel kan det skje mykje uforutsett. Men først og fremst gler eg meg til det sosiale, til å treffe igjen gamle venar og bli kjent med nye – og ikkje minst til å sjå deltakarane kose seg på leir.

Aktivitetar og tevlingar
Fylkesleiren har fast stad på jordbruksskulen på Gjermundnes annankvart år, med aktivitetar, konkurransar og mykje sosialt på menyen. Torsdag er det etablering av teltleir og opning av leiren, og så går det slag i slag fram til søndag.

- På fredagen får alle delta på ein sjølvvalt aktivitet. Hest, frisbeegolf, vikingaktivitetar, klatring og kano er nokre av aktivitetane ein kan velje mellom. Laurdag er det aktivitets- og tevlingsdag i leiren – eit høgdepunkt for mange. Vi har også ei eiga volleyballturnering og andre tevlingar. Laurdagskvelden blir det arrangert cowboy- og indianerparty, der dei som ønskjer det kan kle seg opp i flotte kostyme, fortel Sigrun Sjømæling.

- God erfaring
- Korleis er det å vere leirsjef og ha ansvar for eit så stort arrangement?

- Som nyvalt i fylkesstyret i 4H Møre og Romsdal i vår visste eg ikkje heilt kva eg sa ja til då eg blei spurt om å vere leirsjef. No som eg veit kva det går ut på, er eg spent på kva helga vil bringe, fortel syttenåringen og held fram:

- Eg ser nok for meg at eg vil merke trøkket meir når leiren har starta. Vi har fleire erfarne 4H-arar i leirkomiteen, og det er godt å vite at eg kan få litt ekstra hjelp om eg treng det. Å vere leirsjef er ei god erfaring å ta med vidare, noko som er litt av grunnen til at eg sa ja.