Gå rett til innhold
Du er her: 4H Norge // Aktuelt // Aktuelt
Del/bokmerk
Haustfest 2017

Haustfest 2017

På denne sida finn du informasjon som kan vere nyttig når du skal planlegge haustfest i klubben din.

Informasjon blir sendt ut til klubbane og representanten i løpet av september.


Du kan laste ned materiellet for 2017 her:

Haustfestliste med namn på representant frå fylke

Rettleiing prosjektvurdering

 Før festen…

Planlegging:

Styre og klubbrådgjevar bør i god tid før festen diskutere og planlegge:

Når skal festen ver, kvar skal festen ver, kven har ansvar for kva?

Husk at det er heile 4H-klubben sin fest, alle må få lov å gjere noko, og alle har plikt til å ta eit tak. Lag grupper som har ansvar for kvar sine ting, t.d. utstilling, mat, underhaldning, loddsal, borddekking og rydding. Klubbrådgjevaren si rolle er å få ting til å gå, ikkje å gjer arbeide sjølv!

Bruk gjerne siste medlemsmøte før festen til plakatskriving, dugnadslister, invitasjonar osv.

4H-prosjektvurerere

Ver tidleg ute med å finne folk til å vurdere prosjekta. Er det mogleg la dei som vurderer få bøkene i god tid . Er det 4H-prosjekt som ikkje kan godkjennast bør det vere nok tid til at medlemane kan rette opp før festen.

Bestilling av haustfestmaterial:

Vurderingskort, merker og eventuelt sølvskeier bestillast i 4H Norge sin nettbutikk. Husk å gjere dette i god tid.

Sjå her for veiledning for bestilling i 4H sin nettbutikk. Husk at du må være logga inn som klubben din for å bestille merker.

Når du får pakken frå 4H Norge, opne den og sjekk att alt er rett. Ta kontakt om noko er feil.

Invitasjonar:

Lag invitasjonar til festen. Heng opp plakatar. Inviter alle de har lyst skal kome! Kanskje er det nye innbyggarar i nærmiljøa som de har lyst til å bli kjent med?

Meir formelle gjestar, som ordførar, Bondelaget og andre bør kontaktast skriftleg og med eigen personleg invitasjon.

Representanten frå 4H Møre og Romsdal:

Ta direkte kontakt med haustfestrepresentanten frå fylket. Gi praktiske opplysningar om programmet, samt opplysningar om klubben som kan vere nyttig i helsinga has/henna.

Oversikt over haustfestrepresentantane leggast ved i Månadensinfo og det ligg på denne sida(blir oppdatert etter kvart).

Som i fjor har vi dessverre ikkje kapasitet til å besøke alle klubbane kvart år, men alle skal ha besøk i løpet av ein 3 års periode. Og jubilerande klubbar blir prioritert.

Tips til gjennomføring

Program:

  • Vis gjerne bilder frå 4H-året på storskjerm.

  • Hald tidsskjemaet. Sørg for at loddsal og matpause ikkje tek for lang tid

  • Underhaldninga bør planleggast i godt tid. Dette kan for eksempel vere eit lite skodespel, sketsjar eller leikar. Du kan finne mange tips på 4h.no

Utstillingane:

  • Sett av like stor plass til alle utstillingane. Merk opp på førehand. Tenk at heilheita skal være fin for publikum. For å få til dette kan eit tips ver like store plakatar, lik duk på borda osv.

Teknisk:

  • Bruk høgtalaranlegg om det er nødvendig. Test alltid at det fungerer på førehand.

  • Projektor må også testast på førehand. Husk å eventuelt kople til lydanlegg om du trenger det.

God stemning:

  • Ein eller to programledarar er eit «must» for å halde styr på programmet og introdusere folk som bidreg på scena. Lag små kort med stikkord til kvart sceneskifte. Ver entusiastisk!

  • Plasser gjestane strategisk ved bordet til for eks. styre i klubben. Da får dei ekstra god kontakt med dokke og klubben.

  • Gåver og små påskjønningar er ein god idé på haustfesten. Kven fortenar ei merksemd for god innsats dette året?

  • Ver stolt over alle medlemmene. Plakettmottakarane fortjenar ekstra ros og oppmerksomheit.

  • Husk at pent antrekk gjer festen meir høgtidleg og «fin».

  • Tips til underhaldning (frå 4H Akershus og Oslo) 

Synlegheit:

  • Ta masse bilder (husk å be om tillatelse). Utnemn klubbens eigne fotografar.

    • send inn til 4H og lokale aviser/nettaviser

    • legg ut på sosiale medier

Representanten frå 4H Møre og Romsdal skal:

  • Kome med ein liten helsing frå fylkesleddet

  • Vere med å dele ut merker, vurderingskort og evt. skjeer

  • Klubbrådgjevarar skal ha Ledergullnål det 5.året dei er med(denne skal og bestillast i nettbutikken)

  • I år er aspirantmerket blått