Gå rett til innhold
Du er her: 4H Norge // Aktuelt // Aktuelt
Del/bokmerk
Stopp pengekutta til frivillige organisasjonar

Bilete frå Grøn framtid i 4H Møre og Romsdal 2017

Stopp pengekutta til frivillige organisasjonar

Regjeringa foreslår å kutte støtta til over 30 organisasjonar over Landbruksdepartementet sitt budsjett. Hardast vil dette gå ut over 4H, som kan miste over sju millionar i støtte. Dette er veldig dramatisk for 4H, og må stoppast.

Lesarinnlegg frå styret i 4H Møre og Romsdal ved leiar Berit Fredriksen:

Stopp pengekutta til frivillige organisasjonar

Regjeringa foreslår å kutte støtta til over 30 organisasjonar over Landbruksdepartementet sitt budsjett. Hardast vil dette gå ut over 4H, som kan miste over sju millionar i støtte. Dette er veldig dramatisk for 4H, og må stoppast.  

I forslaget til statsbudsjett blir heile post 1138 Støtte til organisasjonar foreslått kutta. Med dette sparar regjeringa inn rundt 30 millionar kroner. Dette er veldig små midlar i eit stort statsbudsjett, men pengar som er svært viktige for organisasjonane som får dei. 

I tillegg til 4H vil mellom anna Bygdekvinnelaget, Bygdeungdomslaget, Natur og ungdom og Ungt Entreprenskap miste støtta, saman med mange andre organisasjonar som jobbar med ungdom, landbruk, natur og miljø.

Seinast i 2016 måtte 4H gjennom store kutt, som følge av at regjeringa fjerna ordninga med kontorplassar til 4H og andre organisasjonar hos Fylkesmannen si landbruksavdeling. Ei ordning som hadde fungert godt i over 50 år, og der 4H som motyting jobba aktivt med samfunnsoppdraget å rekruttere til landbruket og drive organisasjonsopplæring, opplæring i entreprenørskap og bygdeutvikling. Dette resulterte i at mellom anna 15 tilsette mista jobben landet rundt. Kutt på over sju millionar vil vere svært smertefullt 4H som nettopp har tatt store kutt.

4H Møre og Romsdal samlar meir enn 35 lokale lag med rundt 750 medlemer, først og fremst i alderen 10 til 18 år. Veldig mange ungdomar får organisasjonskunnskap gjennom styreerfaring og kurs i 4H. 4H har også stor aktivitet i friluft, og mange 4H-klubbar har laga naturmøteplassar som er opne for alle som vil bruke dei. I tillegg jobbar vi med å spreie kunnskap om natur og naturbruk og gjer eit viktig arbeid med å rekruttere til landbruket. I 2017 starta den første 4H-garden opp i Møre og Romsdal og vi har starta opp prosjektet Grøn framtid der ungdom får lære om moglegheitene i landbruket gjennom fem helgesamlingar med ulike tema.

Frivillig sektor er viktig for inkludering, gir ungdom meistring og er med å førebygge både psykiske og fysiske utfordringar. Dette må vi ikkje slå beina under.

Vi oppmodar Stortinget om å stoppe dei foreslåtte kutta i frivilligheita. Dei få kronene staten sparar på dette betyr svært mykje for organisasjonane og for dei viktige samfunnsoppgåvene vi er med å løyse.