Gå rett til innhold
Du er her: 4H Norge // Aktuelt // Aktuelt
Del/bokmerk
Klart for ny Superhelg!

Bilete frå Superhelga 2017.

Klart for ny Superhelg!

Vi har slått saman Daf-kurs helga, plakettfest og fylkesårsmøte til eitt arrangement. Velkomen til Superhelg i Elnesvågen og Malmefjorden 9.-11. februar!

Daf-kurset skal vere på Fræna ungdomskule i Elnesvågen, der vi har kurs, et, søv og har artige aktivitetar i lag. Det vert kurs for leiar, kasserar, sekretær, styremedlem og vaksne i 4H. Melder du deg på superhelga får du opplæring i styrevervet ditt på fredag og laurdag. I tillegg får du lære meir om kva som skal skje under årsmøtet på søndagen.

Årsmøtet er del av styrekursopplæringa, slik at du blir godt kjent med den viktigaste demokratiarenaen i organisasjonen.

Last ned brosjyre for Superhelga.

Kursalternativa blir:

Leiar: Kurset er for alle leiarane og nestleiarane. De vil bli delt inn etter erfaring. Lær å leie klubben, om styret si rolle, om samarbeid og om det å snakke i ei forsamling.

Sekretær: Lær å skrive referat og møtebok, om informasjonsarbeid og styrearbeidet.

Kasserar: Lær å føre rekneskap og kassabok for klubben, om budsjett og litt om kor ein kan søkje pengar.

Styremedlem: Styremedlemer og evt. varamedlemer til styret bør kunne litt av alle ting i styret.

Rådgjevarar og foreldre som er med på kurset: Dette opplegget er for dei vaksne som er med på kurset som leiarar, sjåførar osv. Her vil vi ta opp ulike ting som rådgjevarar og andre vaksne kan ha nytte av. Det blir og høve til å diskutere saker som de er opptekne av, samt ein inforunde om kva medlemmane lærer på sine kurs.

Fylkesårsmøte:
Årsmøtet i 4H Møre og Romsdal blir på Vonheim forsamlingshus søndag 11. februar frå kl. 10.00 – 15.00. Registrering klubbvis frå kl. 9.30.

Årsmøtet er ein del av styrekursopplæringa og alle på styrekurset er automatisk påmeldt årsmøtet. Møtet er også ope for dei som ikkje deltek på superhelga. Desse melder seg på årsmøtet ved å sende e-post til 4H-kontoret.

Praktisk informasjon:

Det er oppmøte fredag frå klokka 18, og vi startar med mat klokka 18:30. Utover kvelden vert det kurs, bli-kjent-leikar og mykje moro.

Laurdag vert det kurs i dei ulike verva det meste av dagen. Klokka 15:30 skal vi delta på plakettfesten på Vonheim i Malmefjorden. Etter det held vi fram på skulen i Elnesvågen.

Påmelding: Meld deg på via ”min side” på 4h.no. Påmeldinga opnar 1. desember. Fristen for å melde seg på er 25. januar. Legg inn medlemsnummeret ditt og passord. Legg inn ev. allergiar, sjukdomar e.l. som vi bør vite om. Du er automatisk påmeldt fylkesårsmøtet om du ikkje har gjeve melding om noko anna.

Manglar passord?

Om du manglar passord kan du be om å få dette på e-post. Du må ha e-post adresse registrert i med­lemsregisteret. Manglar du dette kan du be ein i klubbstyret eller 4H-kontoret om å legge adressa inn for deg.

Pris: Daf-kurs: kr 900,- pr deltakar og kr 600,- pr. vaksen. Det er inkludert plakettfest på laurdag og årsmøtet på søndag.

Kun deltaking på årsmøtet: Kr 350,- pr. deltakar.

Faktura blir sendt til klubben. Bindande påmelding. Berre avmelding grunna sjukdom (legeattest) blir refundert.
 
Ta med: Sovepose, liggeunderlag, skrivesaker, klede (inne og ute, vi pyntar oss litt til plakettfesten), toalettsaker, innesko/tøflar/tjukke sokkar mm.

Meir informasjon: Alle påmeldte deltakarane får tilsendt informasjon på e-post i forkant av Superhelga.

Last ned brosjyre for arrangementet i filvedlegget nedanfor: