Gå rett til innhold
Du er her: 4H Norge // Aktuelt // Aktuelt
Del/bokmerk
Rekordmange klar for Superhelg i 4H

Bilde frå fjorårets årsmøte, som er del av Superhelga i 4H.

Rekordmange klar for Superhelg i 4H

Ungdomar frå heile fylket samlast for å bli gode sjefar og styremedlemer.

Over 140 er påmeldt 4H Møre og Romsdal sitt arrangement i helga, Superhelg i 4H.

- Det er utruleg kjekt at så mange har meldt seg på, og at det blir med medlemer frå heile fylket, smiler Gunnhild Krekvik, kursansvarleg frå fylkesstyret i 4H.

Styrekurs for ungdom
4H Møre og Romsdal arrangerte Superhelg i 4H for første gong i fjor, med 115 deltakarar. Arrangementet finn stad i Elnesvågen og i Malmefjorden.

I løpet av kurshelga blir det arrangert både styrekurs, plakettfest og fylkesårsmøte. Dei fleste deltakarane er mellom 10 og 18 år, og får god opplæring i det å drive organisasjonsarbeid.

Gunnhild Krekvik, kursansvarleg for Superhelga.

- Deltakarane får lære om dei forskjellige styreverva. Vi har kurs for leiarar, sekretærar, kasserar, styremedlemmer og eit kurs vaksne leiarar og klubbrådgjevarar. Vi deltar også på plakettfesten, der medlemmene som er ferdig med sitt 4H-løp på minst sju år får plakett og vitnemål. På søndag deltar alle på årsmøtet i fylkeslaget og får lære om korleis eit årsmøte er bygd opp og korleis det blir gjennomført, forklarar Gunnhild Krekvik, og legg til: 

- Men det er ikkje berre teorikurs og møte vi skal gjennom. Det blir også masse tid til sosialt og leik. 

Stor aktivitet
Gunnhild Krekvik har vore aktiv i 4H gjennom mange år, og er glad for at 4H Møre og Romsdal har fått så god dreis på fylkesarrangementa.

- At så mange melder seg på Superhelga tyder på at vi gjorde ein god jobb då vi arrangerte Superhelg for første gong i fjor.

4H Møre og Romsdal har også andre arrangement utover våren og sommaren. 22.-22. april inviterer fylkeslaget til «Senior- og alumnsamling» for ungdomar frå 15 år og oppover og 29. juni til 1. juli er det klart for fylkesleir på Kvamsøya i Sande kommune, med fleire hundre deltakarar. Fylkeslaget er også i gang med prosjektet «Grøn framtid» der eit knippe ungdomar får lære om landbruk og skogbruk gjennom helgesamlingar utover året.

- I 4H lærer vi om organisasjonsarbeid, om kor maten kjem frå og om det norske landbruket. Framtida treng ungdom som er god på dette, slår Gunnhild Krekvik fast.