Gå rett til innhold
Du er her: 4H Norge // Aktuelt // Aktuelt
Del/bokmerk
Vil ha fleire med i 4H

Vil ha fleire med i 4H

Berit Fredriksen (31) frå Valldal vart gjenvalt som leiar i 4H Møre og Romsdal i helga. – Eg vil at vi skal bli endå fleire i den flotte organisasjonen vår, slår ho fast.

- Vi må starte fleire klubbar og rekrutterere fleire medlemer. Framleis er det mange kommunar der 4H ikkje er eit av fritidstilboda. Det må vi gjere noko med, seier Berit Fredriksenetter årsmøtet i Malmefjorden 11. februar.

- Knyter venskap
Berit Fredriksen tek no til på sin tredje periode som leiar i 4H Møre og Romsdal, og gler seg til tida framover.

 Berit Fredriksen, leiar i 4H Møre og Romsdal.

- Vi skal jobbe med fleire spanande prosjekt framover, både innan friluftsliv og landbruk. Dette gler eg meg veldig til, smiler ho og held fram:

- 4H er så bra fordi alle kan vere med! Her er ingen krav til at ein skal vere spesielt god i noko. Alle er velkomne. I tillegg er det god spreiing i alderen, slik at medlemmene lærer å ta omsyn til kvarandre og samarbeide på tvers av alder. Allereie frå ung alder lærer ein korleis ein organisasjon og eit demokrati er bygd opp. Og ikkje minst - vi knyter nye venskap både i fylket, landet og internasjonalt. Alle burde vere med for å reise på leir og kurs i lag med oss. Livslange venskap blir knytt!

Aktiv i 20 år
Fredriksen har sjølv vore aktiv i Ruggå 4H i Valldal i 20 år. Ho starta i 10-års alder, fekk 4H-plaketten i 2004 og vart vaksen klubbrådgjevar i Ruggå 4H då ho flytta heim etter studier som barnevernspedagog. Til dagen jobbar ho som miljøterapeut på ein barnevernsinstitusjon. 

- Å bli gjenvalt som leiar i fylkeslaget ser eg på som ei tillitserklæring. I ein periode der 4H som organisasjon har vore gjennom omstillingar syner det at medlemmene meiner at vi i fylkesstyret har jobba godt og i rett retning. Vi har eit bra fylkesstyre, som er engasjerte og klare for innsats. Dette viser seg i at dei fleste i styret har tatt gjenval.

Under årsmøtet vart Jørgen Malmedal (24) frå Lynet 4H i Malmefjorden valt som nytt styremedlem og Gunnhild Krekvik (25) frå Regnbuen 4H på Eide vart gjenvalt som styremedlem. Martin Noe Krakeli (30) frå Klurtolla 4H på Kleive og Sigrun Sjømæling (18) frå Bjerkely 4H i Batnfjorden er også medlemer i styret i 4H Møre og Romsdal.  

4H Møre og Romsdal har 36 aktive 4H-klubbar rundt om i heile fylket og i alt 618 medlemer, dei fleste i alderen 10 til 18 år.