Gå rett til innhold
Du er her: 4H Norge // Aktuelt // Aktuelt
Del/bokmerk
Fjellrosa 4H er årets 4H-klubb

Fjellrosa 4H underheldt under 4H si Superhelg i februar 2018.

Fjellrosa 4H er årets 4H-klubb

Fjellrosa 4H er ein aktiv 4H-klubb i Hellesylt, og er no kåra til årets 4H-klubb i fylket for innsatsen sin i 2017.

Prisen som årets 4H-klubb vart delt ut under 4H Møre og Romsdal si Superhelg i februar.

- Vi er stolte og glade for prisen, smiler Silje Kristin Stadheim, som er klubbrådgjevar i Fjellrosa 4H.

Aktivt år
Fjellrosa 4H jobbar for tida med eit prosjekt for å inkludere fleire i klubben. I 2017 hadde den aktive 4H-klubben fleire arrangement i lag med flyktningar i bygda, mellom anna tur til badestranda. I 2018 har klubben arrangert internasjonal kafè med stort oppmøte, og har planar om fleire inkluderingsaktivitetar utover året.

- Det er fint å få anerkjenning for arbeidet vi har gjort i klubben vår. Vi har jobba med mangfald og inkludering, vi har gjort nye spennande ting og også ivaretatt tradisjonar, fortel Silje Kristin Stadheim.

Klubben har blant anna vore på gardsbesøk fleire gongar i 2017. Her har dei fått sett på nyfødt lama og vore med på foring av lama. Dei har også møtt sauene og tova og laga figurar med ull frå garden.

Klubben har arrangert karneval, akedag, volleyballtreningar og sommarfest. Medlemene har også invitert til sykkeldag, halloween, juleball, medlemsmøte og styremøte.

Integrering i nærmiljøet
Klubben har deltatt på fleire av fylkesarrangementa, både på inspirasjonssamling, superhelg og fylkesleir.

I grunngjevinga for at klubben vart kåra til årets 4H-klubb står det mellom anna:

«Årets klubb har gjort ein imponerande jobb med integrering i nærmiljøet. Klubben har inkludert flyktningar i fleire av sine arrangement. Dette har gått veldig bra og klubben lærer stadig meir om korleis dei skal gjer dette på best mogleg måte. Klubben har fått støtte frå LNU, mangfald og inkludering. Dette er eit toårig prosjekt, så klubben har og planar for aktivitetar ilag med våre nye landsmenn i 2018.»

Prisen som årets 4H-klubb vart delt ut 10. februar under «Superhelg i 4H» i Elnesvågen og Malmefjorden. Der deltok fleire av medlemene både under kursa som vart arrangert og med underhaldningsbidrag under arrangementet.