Gå rett til innhold
Du er her: 4H Norge // Aktuelt // Aktuelt
Del/bokmerk
Fritidsaktivitetar for alle

Fritidsaktivitetar for alle

Årsmøtet i 4H Møre og Romsdal meiner at alle bør ha rett til å vere med på fritidsaktivitetar. Les uttalen som no er sendt til kommunane, fylket, departement og media.

Fritidsaktivitetar for alle

Barn, ungdom og vaksne i Norge har mange fritidsaktivitetar å velje mellom. Vi har mange frivillige organisasjonar og vi har fritidsklubbar og kulturskular. Du kan vere med i idrett, musikk, teater, friluftsaktivitetar, dans, humanitært arbeid og mange andre tilbod. Men ikkje alle får sjansen til å vere med. Kultur, språk, funksjonshemming og økonomi kan hindre mange frå å vere med.

Årsmøtet i 4H Møre og Romsdal meiner at alle bør ha rett til å vere med på fritidsaktivitetar. Alle har rett på barnehage, skule, helsetilbod og hjelp til å finne arbeid. Men mykje av tida vår er fritid, og organiserte fritidstilbod er viktig for å bli sosial, få vener, for å lære nye ting og for å bli inkludert. Å ha ei meiningsfull fritid i lag med vener er viktig for både den fysiske og psykiske helsa. Å stå utanfor fritidsaktivitetar kan skape einsemd og dårleg livskvalitet.

I 2015 vedtok regjeringa «Frivilligerklæringa» som slo fast at alle skal få vere med på ein fritidsaktivitet. Dessverre er ikkje dette tilfellet for alle. Rundt 10 % av alle born lever i familiar med låge inntekter. Medlemskontingentar, aktivitetsavgifter og ikkje minst pengar til utstyr kan hindre mange frå å vere med på aktivitetar.

Ei anna utfordring kan vere å få komme i kontakt med alle born og unge som kan vere med som medlemer. Sjølv om fritidstilboda er der, kan det vere mange som ikkje veit om tilboda.

4H er ein stor frivillig organisasjon og vil gjerne bidra slik at alle får eit tilbod på fritida. 4H er ope for alle, og vi stiller vi ikkje spesielle krav for å bli medlem. Du treng ikkje vere spesielt god i det eine eller det andre, og du møter eit sosialt og inkluderande miljø. Men også i 4H kostar det å vere medlem og enkelte av aktivitetane kostar å vere med på. Vi er også avhengige av å kunne informere om tilboda våre, og det er ikkje like lett alle stader.

4H Møre og Romsdal vil hindre utanforskap og gjere det lettare for alle å bli med. For at frivillige organisasjonar skal lukkast med å inkludere fleire treng vi hjelp frå det offentlege:

  • Alle grunnskular og vidaregåande skular må gje frivillige organisasjonar høve til å presentere seg – slik at vi får informert om tilboda til alle barn og unge.
  • Alle kommunar må etablere frivilligsentralar som kan hjelpe dei frivillige organisasjonane med rekruttering av medlemer, med utstyr til aktivitetar og hjelpe oss til å finne midlar slik at tilboda ikkje skal bli for dyre for nokon.
  • Myndigheitene – stat, fylke og kommunar – må sørgje for stabile midlar til drift av frivillige organisasjonar og midlar til å kunne gjere tilboda så rimelege som mogleg.

Skal vi lukkast med å inkludere og hindre at nokon fell utanfor må det offentlege og frivilligheita finne løysingane i lag.