Gå rett til innhold
Du er her: 4H Norge // Aktuelt // Aktuelt
Del/bokmerk
Under open himmel på 4H-dagen

Under open himmel på 4H-dagen

4. mai er 4H-dagen. Det er kjekt å markere den i 4H-klubben. Mange 4H-arar nyttar også denne dagen til å sove under open himmel.

Kven kan sove ute?

Heile klubben, nokre av dykk, familien, du og ein ven eller berre du åleine. 

Overnattinga kan skje kor som helst:

  • På trappa/verandaen.
  • Er det mykje snø der du bur? - Finn ein overbygd veranda, sov i ein garasje med open port.
  • I hagen.
  • I hengekøya.
  • I skogen rett rundt hjørnet… Då er det lett å hente ting du har gløymt, og blir det for kaldt/skummelt er veien heim kort.
  • Ved sjøen eller eit vatn.
  • Inviter naboklubben til felles overnatting.
  • Sov under open himmel, i telt eller lavvo.

 4H-arar over heile landet vert oppmoda om å markere 4H-dagen med å sove ute Under open himmel.

Same veka som 4H-dagen er det også strandryddeveke, der du kan bidra til å gjere havet reinare - utan plast og boss.

Her kan du lese meir om 4H-dagen, Under open himmel og strandrydding: https://www.4h.no/aktuelt/4here-sover-ute-under-pen-himmel.aspx