Gå rett til innhold
Du er her: 4H Norge // Aktuelt // Aktuelt
Del/bokmerk
Gler seg til 4H-leir på «kystens perle»

Leirsjef Kristoffer Kvamme frå fylkesleiren i 2016.

Gler seg til 4H-leir på «kystens perle»

29. juni til 1. juli blir innbyggjartalet på Kvamsøya i Sande kommune dobla, og leirsjef Kristoffer Kvamme gler seg til leir.

Ungdom frå heile fylket er invitert til Kvamsøya når Tareholmen 4H arrangerer fylkesleir i 4H. Til vanleg er det 227 fastbuande på øya, og minst like mange er venta på leiren.

Her finn du meir informasjon om fylkesleiren 2018.

- Dei som tar turen får besøkt ei av kystens perler og får innblikk i livet på ei øy, smiler Kristoffer Kvamme (18) som er sjef for leiren.

Vikingaktivitetar
- Deltakarane kan mellom anna sjå fram til aktivitetar som kajakk og vannsport i nydeleg kystlandskap og Sunnmøre si finaste sandstrand. Det bli også fjelltur med fantastisk utsikt, vikingaktivitet med ekspedisjon til gravrøyser og gardsbesøk med diverse husdyr, fortel den unge leirsjefen.

Born og ungdom frå 10 år og oppover er invitert til fylkesleiren. Det er eit rikhaldig program på leiren, med alt frå kokkeshow og friluftsaktivitetar til tevlingar innan volleyball og tautrekking.  

- Eg trur høgdepunktet for mange vil vere naturopplevingane ein får og underhaldninga med vikingtema, seier Kvamme.

- Gler og gruar meg
Kristoffer Kvamme er spent på å skulle vere leirsjef for eit så stort arrangement.

- Det å vere leirsjef og ansvarleg for dette store arrangementet er spennande. Eg kjenner at eg både gler og gruar meg. Eg gler meg fordi det er ei oppleving og ein stor lærdom å ha ansvar for noko så stort, og gruar meg fordi det er mykje arbeid og mykje eg må hugse på og ta ansvar for.

Påmeldinga til leiren er allereie godt i gang, og mykje av programmet for leiren er planlagt.

- Eg kryssar fingrane for at dette blir eit av sommarens høgdepunkt og at mange tek turen og melder seg på leiren, avsluttar attenåringen.