Gå rett til innhold
Du er her: 4H Norge // Aktuelt // Aktuelt
Del/bokmerk
Fritt fram i friluft

Fritt fram i friluft

Vi vil løfte friluftslivsarbeidet i 4H-klubbane. Hausten 2018 inviterer vi til seks regionmøte og til vinteren og våren stiller vi på klubb-besøk med friluftsaktivitetar.

Har klubben din lyst på besøk frå fylkeslaget med ein aktivitet? Eksempel på aktivitetar kan vere:

  • Å lære å lage nye matrettar på bål
  • Leikar og aktivitetar som ein kan gjere ute
  • Aktivitetar i fjæra ved sjøen eller eit vatn

Besøket kan gjerne kombinerast med anna innhald som gjeld t.d. aktivitetane i og drifta av 4H-klubben.

Gjennom "Fritt fram i friluft" arrangerer vi også seks regionmøte med tema friluftsliv hausten 2018 og senior- og alumnsamling våren 2019. Vi ønskjer også å følgje to 4H-klubbar som har friluftsliv som tema for klubb- eller samarbeidsprosjekt i 2019, for å hjelpe og å samle erfaringar som vi kan spreie til andre 4H-arar.  

"Fritt fram i friluft" er støtta av Miljødirektoratet og Møre og Romsdal fylkeskommune.  

Last ned flyer for Fritt fram i friluft.