Gå rett til innhold
Du er her: 4H Norge // Aktuelt // Aktuelt
Del/bokmerk
4H-plaketten til dyktige ungdommar

Ein stolt 4H-ar får overrekt vitnemål og plakett, her frå fjorårets plakettfest.

4H-plaketten til dyktige ungdommar

I 2018 er det over 80 ungdommar som har oppnådd 4H-plaketten i Sogn og Fjordane. Søndag 18. november er det klart for fest og høgtideleg overrekking.

Plaketten er den høgaste utmerkinga ein 4H-medlem kan få, og er saman med vitnemålet synlege bevis på ei aktiv og engasjert ungdomstid.

Her finn du invitasjon og informasjon om plakettfesten.

Viktig kompetanse
– Det er kjempeflott at vi har så mange plakettmottakarar i 4H i år, smiler Inger-Margrethe Sørland frå fylkesstyret i 4H Sogn og Fjordane.   

For å oppnå 4H-plaketten må ein ha gjennomført og fått godkjent sju årlege prosjekt, samt ha delteke aktivt i klubbarbeidet.

– Desse ungdommane sit inne med mykje kompetanse om organisasjonsarbeid og prosjektarbeid, og dei har god erfaring med å lære ved å gjere. Dette er ungdom som har vist at dei er disiplinerte, dedikerte og ansvarsbevisste, og at dei fullfører det dei byrjar på. Eg trur dei vil bidra mykje framover, både i lokalsamfunna, på det politiske plan og også i næringslivet, seier Sørland.

Sjølve utdelinga under plakettfesten blir gjort av stortingsrepresentant Frida Melvær, saman med ein representant frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

Lærerikt og sosialt i 4H
Kristina Støfring (18) i Eikås 4H frå Jølster er ei av dei spente plakettmottakarane, og ho gler seg:

– Eg synest det er skikkeleg kult å endeleg få vitnemål og plakett i 4H!

«Å lære ved å gjere» er mottoet til 4H. Her kan ein arbeide med prosjekt innan ulike tema, erfare styrearbeid og delta på kurs og leirar og mykje meir.

– Eg har lært så mykje gjennom 4H. Eg har blitt meir sjølvstendig og løysingsorientert, og tek ansvar. Eg har fått kunnskap om organisasjonsarbeid og styrearbeid, og alt eg har tileigna meg i 4H bygger vel eigentleg på mottoet om å lære ved å gjere. Og ikkje minst har eg blitt kjent med mange forskjellige personar og fått erfaring og minner frå både kurs og leirar! smiler Støfring.

18-åringen er engasjert i ulike oppgåver i 4H, og er i dag mellom anna medlem av fylkesstyret. Ho ser tilbake på kjekke og verdifulle år i 4H.

– Kunnskapen frå 4H vil bli nyttig uansett kva eg skal i framtida. Eg får bruk for den kvar dag, så den er gull verdt.