Gå rett til innhold
Du er her: 4H Norge // Aktuelt // Aktuelt
Del/bokmerk
Snart 15.desember

Snart 15.desember

Etter å ha gjennomført årsmøte i 4H-klubben, må alle hugse å gjere litt papirarbeid. Siste frist for å registrere årspapir i medlemsregistret er 15. desember.

 

Alt klubben registrerer er automatisk også søknad om momskompensasjon og støtte frå frifond-drift. 
Ps! Frå 2018 gjeld dette berre 4H-klubbar med organisasjonsnummer. Det er berre tre klubbar i fylkje som ikkje har dette på plass, dei får eigen beskjed.


Årsmeldingen i medlemsregistret er delt inn i fem deler (faner/kulepunkt):

Bruksarrettleiing for korleis ein endrar verv, laster opp årsmelding osb finn de ved å følge denne linken

  • Arrangement i klubben
    • tal styremøter, klubbmøter, andre arrangement, osv.
    • har de arrangert noko i samarbeid med andre? 
  • Amatørteater og underholdning
    • tal produksjonar, framsyningar, skodespelarar og publikum
  • Volleyballaktivitet
    • tal treningar, turneringar og spelarar
  • Årsregnskap og årsplan
    • Har klubben bygd noko eller kjøpt eigendom siste året? I så fall kva kosta dette? 
    • Kva har klubben fått i frifond -driftsstøtte siste året? Skriv med enkle ord kor mykje som er brukt og kva pengane er brukt til så langt.  
    • Skann ein kopi av samandrag av årsrekneskapen for klubben, og last dette opp som vedlegg til årsmeldinga i medlemsregistret. Hugs at rekneskapet MÅ ha signatur frå kasserar OG revisor (eventuelt revisormelding).
  • Årsmelding i ord
    • Styret har heilt sikker meir å melde frå aktiviteten i klubben siste året. Skriv dette her. 

Hugs å trykke lagringsikonet før du går vidare til neste fane/kulepunkt.


Legge inn nye verv. Er det nokon som er nye i 4H må desse først meldast inn som medlemmar. Sjå innmeldingsskjema.


Endre verva i klubben (nokre frå det gamle styret må gjere dette - f.eks sekretær)


Årsrapport (dato for årsmøte). Det er berre nyvald leiar som kan gjere dette. Derfor er det viktig at verva er endra og oppdatert. Årsrapporten er ei godkjenning/underskrift av leiar for at det som står i årsmeldingen er korrekt. Det skal skrivast inn årsmøtedato og grunnlagsår. Hugs å lagre! 

Alle oppgåvene er også godt forklart i møteboka, kassaboka og året rundt.


Endring av opplysningar i Brønnøysundregistret

Hugs å oppdatere opplysningane i Brønnøysundregistret like etter årsmøte.   

Organisasjonsnummer 4H klubber i Rogaland