Gå rett til innhold
Du er her: 4H Norge // Aktuelt // Aktuelt
Del/bokmerk
Innkalling til Fylkesårsmøte

Innkalling til Fylkesårsmøte

4H Sogn og Fjordane sitt Fylkesårsmøte vert halde på Skei 10. februar 2019 frå klokka 10.00

 

Innkalling til fylkesårsmøte i 4H Sogn og Fjordane

4H Sogn og Fjordane kallar inn til fylkesårsmøte på

Thon hotell Jølster (Skei) søndag 10. februar kl 10.00. Registrering frå klokka 9.30.

4H-klubbane kan møte med 2 representantar med røysterett. I tillegg kan dei møte med observatørar. Fylkesmannen og 4H-alumnane i fylket, SOFA, kan møte med 2 representantar kvar med røysterett. Kløvermedlemmer og 4H-gardane kan møte med 1 representant kvar med røysterett, vald mellom dei frammøtte kløvermedlemmene og 4H-gardane.

Jamfør §2a i vedtektene til 4H Sogn og Fjordane.

Sakliste:

1. Opning

2. Namneopprop

3. Val av to til å skrive under protokollen

4. Forretningsorden for årsmøtet

5. Årsmelding 2018

6. Rekneskap 2018

7. Handlingsplan 2019 - 2020

8. Årsplan for 2019 og 2020

9. Fastsetjing av refusjon og godtgjersle til fylkesstyret

10. Justering av budsjett for 2019

11. Budsjett 2020 og 2021

12. Årsmøteuttale

13. Tilsetjing av revisor

14. Val A. Ordførar og varaordførar

B. Leiar og fylkesstyre

C. Vararepresentantar til fylkesstyret

D. 2 representantar med vara til fylkesting for ungdom

E. Valnemnd

15. Avslutning