Gå rett til innhold
Du er her: 4H Norge // Aktuelt // Aktuelt
Del/bokmerk
800 000 til Draumeplassen

Hjørdis Vik, frå gåvestyret i Gjensidigestiftelsen, Åge Avedal, regionleiar i 4H og Roger Eide, prosjektleiar for Draumeplassen.

800 000 til Draumeplassen

Gjensidigestiftelsen kom denne veka med årets julegåve til dei som er glad i det kortreiste friluftslivet.

Det er 4H Sogn og Fjordane som står bak Draumeplassen, der fem lokalmiljø kan vinne 100 000 kroner og prosjekthjelp til å skape ein naturmøteplass.

- Veldig kjekt! No får vi fleire ut i nærnaturen, der dei kan oppleve meistring og naturglede, smiler Roger Eide, prosjektleiar i 4H Sogn og Fjordane.  

Aktivitet og folkehelse
Draumeplassen vil bli lyst ut som ein konkurranse mellom lokale organisasjonar i fylket våren 2019.   

Hjørdis Vik i gåvestyret til Gjensidigestiftelsen er glad for å kunne vere med å bidra til meir aktivitet i friluft.

- Naturmøteplassane er med å skape aktivitet og betre folkehelse. 4H har vist stor gjennomføringsevne gjennom dei midlane vi har gjeve så langt, og vi ser at Draumeplassen mobiliserer mange i lokalmiljøa, slår Hjørdis Vik fast.

Gler seg til ny runde
Roger Eide er prosjektleiar for Draumeplassen, og har følgt opp vinnarane frå konkurransen som vart gjennomført i 2017 og 2018. Han gler seg no til ny runde, der fem nye lokalmiljø vil få høve til å lage ein naturmøteplass. 

- Draumeplassen er eit god eksempel på at om du drøymer om noko så kan du også gjere det. Eg må få seie hjarteleg takk til alle i Gjensidigestiftelsen for støtta, og så vil eg oppmode dei som har lyst å delta i konkurransen i 2019 om å følgje med på nettsida naturmøteplass.no.   

Over 50 naturmøteplassar
4H Sogn og Fjordane har jobba mykje med naturmøteplassar det siste tiåret. Sidan 2008 har 4H-klubbar saman med lokale samarbeidspartar skapt meir enn 50 naturmøteplassar i fylket, og så langt har det blitt kåra tolv vinnarar av Draumeplassen.

- Det har vore veldig inspirerande å følgje med på dugnadskrafta og all den aktiviteten som har blitt lagt ned i å lage naturmøteplassar rundt omkring i heile fylket dei siste ti åra. Vi har samla mange av erfaringane frå dette på nettsida naturmøteplass.no, slik at det skal vere enklare for lokalmiljøa å komme i gang, fortel Åge Avedal, regionleiar i 4H og held fram:

- No ser vi at det kjem i gang Draumeplassen-konkurransar også i andre fylke i landet, etter inspirasjon frå Sogn og Fjordane og med støtte frå Gjensidigestiftelsen. Vi har heile tida jobba med å gjere dette til ein nasjonal konkurranse, og vi er stadig nærmare dette målet.