Gå rett til innhold
Du er her: 4H Norge // Aktuelt // Aktuelt
Del/bokmerk
Seminar for deg som driv gard

Storkurs 2016

Seminar for deg som driv gard

Både 4H gard Norge og Inn på tunet/Hanen tilbyr i desse dagar aktuelle seminar for deg som driv gard. Obs! påmeldinga er nå!

Seminar og årsmøte 4H gard Norge

Velkomen til seminar og årsmøte i 4H-gard Norge 1.-3. februar på Stord Hotell i Hordaland!

Seminaret er ope for alle interesserte, og vi har eit spennande og variert program med besøk til Straumøy Gard, Førland 4H-gard og Litlabø Gard. I tillegg blir det kurs og opplæring i næringsutvikling ved Ragna Flotve, endringsnavigatør for Heraklit Endringsnavigatøren. Ragna har også jobba med Inn på tunet hos Fylkesmannen i Hordaland i mange år. Under seminaret vil også Kristin Haanshuus, prosjektleiar i 4H-gard i vekst, fortelje om og vise fram mange av verktøya og resultata frå det treårige 4H-gardsprosjektet, m.a. nettsida 4hgard.no.

Last ned Brosjyre – Årsmøte og seminar 2019

Praktisk informasjon:

Pris:    Kr. 3 000,- pr. person i dobbeltrom
Kr. 3 300,- pr. person i enkeltrom
Kr. 2 000,- for dagpakke
Alt inkludert.

Påmelding: 

Via arrangementskalenderen på www.4h.no (til høgre på sida) eller ”min side” på www.4h.no (oppe til høgre).

Dei som melder seg på og ikkje er medlem i 4H Norge trykker på ”Jeg er ikke medlem” og legg inn informasjonen som blir bedt om. Meld frå om eventuelle allergiar eller spesielle behov ved påmelding.

Påmeldingsfrist: 7. januar 2019. OBS! Påmeldinga er (pr 11.1.2019) framleis open!

Reise: Stord Hotell ligg midt på Leirvik, byen på Stord. Nærmaste flyplass er Stord Lufthavn Sørstokken. Elles er Haugesund Lufthavn 1 t 15 min unna. Bergen Lufthavn, Flesland ligg 2 t 15 min unna. Arrangør vil kome med ulike forslag for kollektivreise for deltakarane.

Spørsmål: Kontakt Guro Kristi Holmberg, 959 47 256 / guro.kh@live.com.

Arrangør: 4H Hordaland og 4H-gard Norge.

Bli betre til å fortelje historia bak ditt produkt og din gard 

Sett av to helger i februar for å lære korleis du kan nytte historiefortelling til å gjere garden og omgivnadene meir attraktive.

Dette handler om å gå på skattejakt i sine eigne nære omgivnader. Du skal få inspirasjon og lære korleis du kan finne fram til historier og spesielle fenomen i naturen eller i kulturhistoria som du kan foredle. Det kan gjere produktet, tenesta, garden eller bygda di meir interessant.

Det er Inn på tunet Rogaland og Hanen Rogaland som inviterer til kurset "På skattejakt". Kurset er samlingsbasert med ei prosjektoppgåve som eksamensform, og gir fem studiepoeng. Kursleiar er Eli-Grete Høyvik, høgskulelærar ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling. Ho er ein engasjerande førelesar og har lang erfaring med dette fagfeltet gjennom at ho er gründer av og engasjert i Ciderhuset og Interplan.

Målgruppa er personar som driv med Inn på tunet (grøn omsorg), gardsturisme, tradisjonsmat, kulturformidling, reiseliv og så vidare.

Tidspunkt for gjennomføring

2.-3. februar på Byrkjedalstunet i Dirdal og

23.-24. februar på Frønsdal aktivitetsgard i Ølensvåg.

Kostnader

Deltakaravgifta er kr 1000,- , reise, kost og losji kjem i tillegg.

 

02.-03. februar på Byrkjedalstunet

Full kost og losji enkeltrom: kr 2000,-

Konferansepakke u/overnatting m/middag på laurdag: kr 1500,-

Konferansepakke u/overnatting u/middag: kr 1000,-

 

23.-24. februar på Frønsdal aktivitetsgard

Full kost og losji enkeltrom: kr 1400,- dobbelt/fleirsengsrom: kr 1000

Konferansepakke u/overnatting m/middag på laurdag: kr 450,-

Konferansepakke u/overnatting u/middag: kr 300,-

 

Påmeldingsfrist 19. januar 2019.

Gå til Påmelding, eller send mail til post@innpaatunet-rogaland.no eller kontakt Ynskje Kaldheim på mobil 41686756.

Elisabeth Nesheim som driv Nesheimstunet i Nedre Vats har tidlegare tatt kurset,og ho svarer gjerne på spørsmål vedrørande innhald/nytteverdi. Kontakt Elisabeth Nesheim på 924 61 223.

Kurset har fått utviklingsmidlar frå Fylkesmannen i Rogaland.