Gå rett til innhold
Du er her: 4H Norge // Aktuelt // Aktuelt
Del/bokmerk
Prosjektleiar for Draumeplassen og friluftsliv

Friluftskurs for ungdom april 2018.

Prosjektleiar for Draumeplassen og friluftsliv

4H Møre og Romsdal lyser ut stilling som prosjektleiar i 50 % i 1 1/2 år til å jobbe med prosjekta "Draumeplassen" og "Fritt fram i friluft".

Følgjande stilling er ledig:

Prosjektleiar for «Draumeplassen» og friluftsliv (50%)

Prosjektstilling i 1 ½ år i 4H Møre og Romsdal. Snarleg oppstart.  

Draumeplassen er eit prosjekt i 4H Møre og Romsdal der vi lyser ut ein konkurranse der fem lokalsamfunn i fylket kan vinne pengar og prosjekthjelp til å skape opne møteplassar i naturen. På denne måten vil vi heve det kortreiste friluftslivet, få fleire til å bli aktive i friluft og skape auka glede og kunnskap om naturen. Prosjektleiar vil også få ansvar for oppfølging av prosjektet «Fritt fram i friluft».  

Viktige arbeidsoppgåver i prosjektet:

  • Administrere Draumeplassen-konkurransen, besøke og yte prosjekthjelp til vinnarane.
  • Oppdatere nettsida www.naturmøteplass.no og drive informasjonsarbeid.
  • Utvikle verktøy for å få fleire aktive i friluft og for utvikling av naturmøteplassar.
  • Opplæring av barn, ungdom og vaksne i friluftsaktivitetar gjennom lokale og regionale kurs.
  • Jobbe med å starte opp nye 4H-klubbar i Møre og Romsdal.
  • Prosjektleiing, søknadsarbeid og rapportering.

Vi søkjer deg som har:

  • Pågangsmot og er resultatorientert.
  • Gode formidlingsevner, skriftleg og munnleg.
  • Gode samarbeidsevner, men kan arbeide sjølvstendig og strukturert.
  • Kunnskap om prosjektorganisering.
  • Kunnskap eller erfaring frå frivillig arbeid og/eller friluftsliv.

Stillinga blir løna frå kr 400 000,- (årslønn 100%).

Arbeidsstaden for stillinga er i fylket, og fleksibel mtp. kva som passar prosjektleiar. For stillinga inngår medlemskap i Statens Pensjonskasse og forsikringsordningar.

Stillinga er fleksibel med omsyn til avspasering, og ein må rekne med ein del reiseverksemd. Ein må ha førarkort klasse B. Arbeidsgjevar er 4H Norge med regionleiar som nærmaste overordna.

Kontaktperson for stillinga:
Åge Avedal, regionleiar i 4H: Tlf. 960 96 775 / 970 72 734.

Søknad og CV sender ein på e-post til age.avedal@4h.no innan 14. februar 2019.

Meir informasjon om prosjekta finn du på www.4h.no/moreogromsdal.

Draumeplassen er støtta av Gjensidigestiftelsen. Last ned prosjektplan.

Fritt fram i friluft er støtta av Miljødirektoratet / Møre og Romsdal fylkeskommune. Last ned prosjektplan.