Gå rett til innhold
Du er her: 4H Norge // Aktuelt // Aktuelt
Del/bokmerk
Inspirasjonssamling for vaksne i 4H

Inspirasjonssamling for vaksne i 4H

Velkommen til inspirasjonssamling for vaksne i 4H på Skei Hotel 8. - 9. februar!

Melder du deg på superhelg inspirasjonssamling får du lære om ulike tema og får mange nye idear og impulsar i lag med andre vaksne i 4H. Superhelg inspirasjonssamling blir på Skei Hotel fredag og laurdag.

Program

Fredag 8. februar

18.30  Velkomen og Presentasjon
19.00  Middag
20.00  Vi blir kjende med kvarandre
20.30  Nytt frå 4H Sogn og Fjordane og 4H Norge, inkludert informasjon om digitalisering av 4H-prosjekt (Åge Avedal, Regionleiar og Hilde Sværen, Organisasjonsrådgjevar)
21.30  Studietur til Gambia – våre opplevingar med Gambia 4H (Eirik Førde, Jenny Flølo Kleppe og Elias Slåtten)
22.00  ferdig for dagen og 4H butikken stenger

Laurdag 9. februar

08.00  Frukost
09.00  Synlegare – Korleis få med fleire i 4H og bli meir synlege? Her blir det gruppearbeid og diskusjonar. (Åge Avedal)
12.00  Større – Smartare – Korleis kan vi få fleire medlemmer og jobbe smartare i 4H-klubben. Nokre stikkord for denne økta er Kløvermedlemar, støttemedlemar, Spond, Søkje pengar til aktivitet (Camilla Nesheim, klubbrådgjevar i Troda 4H og varamedlem i fylkesstyret)
12.30  Lunsj
13.30  Uteaktivitet – Her blir det både aktivitet og mat – og gode tips til å bruke i eigen 4H-klubb. Ta med uteklede som passar til veret. (Roger Eide, prosjektleiar i Draumeplassen og Camilla Nesheim)
16.30  Evaluering av uteaktivitet og avslutning av inspirasjonssamlinga.
19.00  Middag for dei som skal vere med på årsmøtet på søndag
21.00  Aktivitet og sosialt

 

Praktisk informasjon

Pris:

Superhelg inspirasjonssamling:
  - Fredag – søndag: Kr 2500,- per deltakar i dobbeltrom / kr 3000,- per deltakar i enkeltrom / kr 1400,- for dagpakke (utan overnatting, inkl. alle måltid). 
  - Fredag – laurdag: Kr 2100,- per deltakar i dobbeltrom / kr 2500,- per deltakar i enkeltrom / kr 1000,- for dagpakke (inkl. middag fredag og lunsj laurdag).
Ein kan også tinge trippelrom til ein litt rimelegare pris. 

Faktura blir sendt til klubben. Bindande påmelding. Berre avmelding grunna sjukdom blir refundert.

Påmelding: Personleg påmelding via ”Min side” (oppe i høgre hjørnet) på heimesida www.4h.no/sognogfjordane. Legg inn medlemsnummeret ditt og passord.
Merk: Hugs å melde deg på rett kurs! Du som skal på inspirasjonssamling melder deg på «Superhelg inspirasjonssamling» og kva dagar du skal delta, type rom eller om du skal ha dagpakke. Legg også inn ev. allergiar, sjukdomar e.l. Du er automatisk påmeldt fylkesårsmøtet om du ikkje har gjeve melding om noko anna.

Manglar passord? Om du manglar passord kan du be om å få dette på e-post. Du må ha e-post adresse registrert i medlemsregisteret. Manglar du dette kan du be ein i klubbstyret eller 4H-kontoret om å legge adressa inn for deg.

Påmeldingsfrist: Innan 22. januar.