Gå rett til innhold
Du er her: 4H Norge // Aktuelt // Aktuelt
Del/bokmerk
 Utfordrande og givande i 4H

Frivillige frå Vindafjord 4H-nemnd stortrivdes på Klubbrådgjevarsamling

Utfordrande og givande i 4H

-Denne samlinga er løna vår, seier Signe Haakull Wannberg med eit smil. Folk rundt ho smiler og stadfestar. Signe er i Egersund på klubbrådgjevarsamling saman med nesten hundre andre frivillige i 4H Rogaland.

4H arbeider ut frå ideologi og samfunnsengasjement, ikkje interessefelt.

-Det er vanskeleg å formidle kva 4H er gjennom ei enkel setning. Vi treng derfor kompetanse og tips til arbeidet med synleggjering og informasjon, fortel Torbjørn Joa, styreleiar i 4H Rogaland. Denne helga arrangerte han og resten av fylkesstyret helgesamling for dei vaksne.

-Vi har lenge hatt den best besøkte klubbrådgjevarsamlinga i landet, men i år slår vi alle rekordar, smiler Torbjørn. Dei er ikkje berre mange i talet, men så enormt positive og engasjerte i tillegg!

Meir film og foto

- No har vi laga utkast til plan for å lette informasjonsarbeidet internt i klubben vår, Skjold 4H. I tillegg har vi fått tips og idear til korleis vi kan synleggjere 4H for resten av bygda. Kanskje er det fleire som får lyst til å bli medlem, smiler Signe. Ho ønskjer mellom anna å inspirere klubben sin til å promotere komande arrangement gjennom film, og håper styremedlemmane heime liker ideen.

Barn og unge tek ansvar

Det er nemleg 4H-medlemmane sjølv som avgjer. Barn og ungdom heilt ned i 10 år, får ansvar som styreleiar, kasserar, styremedlem, arrangør, osb. Dei vaksne lager gode rammer, stiller rettleiande spørsmål og får dei unge til å reflektere.

Utfordrande og spennande rolle

-Eit 4H-medlem får oppleve og erfare eit mangfald av aktivitetar og arrangement. Som vaksen får du følge deira læring og utvikling, samt moglegheit til eit tett samarbeid med ungdomane i nærmiljøet. Å vere klubbrådgjevar er utfordrande, og eit svært spennande frivillig arbeid. Slike helger som dette er derfor kjempeviktige for oss. Her har vi det utruleg kjekt, blir kjent på tvers av klubb, er kreative og får masse inspirasjon til meir frivillig arbeid, avsluttar Signe.   

---------------

Om 4H Rogaland

4H Rogaland har 1440 medlemmer fordelt på 36 lokale klubbar i heile fylket, og er eit av dei største 4H-fylka i landet. Organisasjonen er livssynsnøytral og «arbeider mot det mål å skape ein aktiv ungdom med klårt hovud, flinke hender, varmt hjarte og god helse». Les meir om 4H på 4h.no

 

KLIKK HER FOR Å SJÅ BILETE FRÅ SAMLINGA