Gå rett til innhold
Du er her: 4H Norge // Aktuelt // Aktuelt
Del/bokmerk
Klart for ei super helg

Bilde frå ei tidlegare Superhelg i 4H.

Klart for ei super helg

8.-10. februar samlast unge og vaksne frå heile Sogn og Fjordane til årets Superhelg i 4H på Skei i Jølster.

Tre arrangement vil gå av stabelen under fellesnamnet Superhelg i 4H, ei helg med mykje aktivitet og moro. Det vert styrekurs for 4H-medlemmane, inspirasjonssamling for dei vaksne i 4H og på søndag vert helga avslutta med fylkesårsmøte.

Her finn du informasjon om Superhelga.

Styrekurs for ungdom
Superhelg i 4Hstartar fredag 8. februar. Då møtest meir enn 80 4H-arar frå 10 år og oppover på Skei skule til bli kjent-leikar, årsmøteopplæring og foredrag av 4H-arar som har fått oppleve 4H i Gambia. Laurdag vert deltakarane delt i ulike kurs, alt etter kva verv dei har i styret. Det vert mellom anna kurs for leiar og nestleiar, sekretær og kasserar - i tillegg til kurs for dei som er nye i klubbstyret, og eit for ringrevane, dei litt meir erfarne.

Sølve Nedrebø (17) frå Kransen 4H på Ålhus i Jølster er ein av dei spente deltakarane, og i år er han med for andre gong. Han er valt til leiar i 4H-klubben, og skal delta på kurs for å lære meir om dette.

– Eg håpar eg får mykje kunnskap om korleis eg kan leie klubben. Det kjekkaste med Superhelg i 4H er jo det å treffe vener du ikkje møter så ofte, og det å vere sosial med andre og ikkje minst å bli kjend med nye. Eg ser fram til ei kjekk helg! smiler 17-åringen.  

Inspirasjonssamling
Fredag og laurdag samlast òg nærmare 20 vaksne ressurspersonar i 4H til inspirasjonssamling på Thon Hotel Jølster. Gjennom samlinga vil dei få påfyll i form av nye idear og ny kunnskap som dei kan ta med seg vidare i arbeidet som frivillig i 4H. Mellom anna vil det verte fokus på visjonen til 4H framover, nemleg at organisasjonen har som mål å verte større, smartare og synlegare.

– Vi synast det er kjempekjekt at så mange flotte ungdommar og vaksne kjem til Skei på Superhelg i 4H, smiler Guro Vangen Førde frå fylkesstyret i 4H Sogn og Fjordane. Ho held fram:

– Det er viktig å samle store og små til eit slikt arrangement. Då spesielt med tanke på ny fagleg kunnskap, men òg det sosiale rundt. Organisasjonsopplæring for unge er viktig og noko ein får god nytte av, og inspirasjonssamlinga for alle vaksne ressurspersonar og klubbrådgjevarar i 4H er med på å skape ny driv i arbeidet. Og vi treng frivillige i alle ledd i 4H, og då er det viktig å halde på gnisten slik at vi kan halde oppe aktiviteten rundt om i distrikta!

Fylkesårsmøte
Søndag morgon vert mange av deltakarane på styrekursa og inspirasjonssamlinga med vidare på årsmøtet i 4H Sogn og Fjordane. Årsmøtet er ein del av styrekursopplæringa, og er også ope for dei som ikkje er med elles denne helga.

– Vi ser fram til ei super helg! avsluttar Vangen Førde.