Gå rett til innhold
Du er her: 4H Norge // Aktuelt // Aktuelt
Del/bokmerk
Attvald som leiar for 4H i fylket

Eirik Vikøren er leiar i 4H Sogn og Fjordane.

Attvald som leiar for 4H i fylket

Eirik Hortemo Vikøren (31) frå Sogndal vart attvald som leiar for 4H Sogn og Fjordane på årsmøtet i helga. Saman med fylkeslaget ser han framover med spennande planar.

– Eg er stolt og glad for å få fornya tillit som leiar. Det er veldig kjekt å få leie ein så flott organisasjon i fylket, smiler leiaren.

Mange unge på talarstolen
Mange tema var oppe under årsmøtet, mellom anna var det fokus på visjonen til 4H framover, nemleg det å verte større, smartare og synlegare. Det vart også vedteke ein årsmøteuttale som oppmodar til å både ta naturen meir i bruk, og samstundes ta meir vare på den. Mange unge markerte seg ved å ta ordet under årsmøtet.

– Det var mange gode innspel og diskusjonar under årsmøtet. 4H er ein organisasjon med mange moglegheiter. Mange ungdommar har til dømes ikkje vore på ein talarstol før, men under styrekursa som vart avvikla tidlegare denne helga fekk dei unge opplæring og trening i nettopp dette, fortel fylkesstyreleiaren.

4H Sogn og Fjordane samlar omlag 1350 medlemmer mellom 10 og 18 år, som saman med mange alumnmedlemmer og vaksne klubbrådgjevarar er fordelt på 70klubbar spreidd over heile fylket.

Større, smartare og synlegare
4H har som mål nasjonalt framover å verte større, smartare og synlegare. I Sogn og Fjordane vil ein jobbe med dette mellom anna både på klubbnivå og under alle arrangementa rundt om i fylket.

– Det er mykje spennande som vil skje i organisasjonen i alle ledd. Dette ser eg fram til å å ta fatt på. Vi vil til dømes sjå på alle arrangementa våre for å finne ut korleis vi kan verte endå betre, og her vil det kome ein del endringar. Vi vil også oppfordre alle klubbane våre til å verte meir synlege i lokalmiljøet, forklarar Vikøren, og legg til:

– I 4H kan ein lære seg nye ferdigheiter, bli kjend med folk frå heile landet og reise til utlandet og bli kjend med nye kulturar og nye menneske. Eg gler meg til å sjå endå fleire deltakarar i 4H i året som kjem!

Nye styremedlemmer

 

Nye medlemmer til fylkesstyret vart også vald inn under årsmøtet, Ronja Årskaug Vallestad (17) frå Framsyn 4H i Gaular og Eirik Førde (22) frå alumnklubben i 4H i Sogn og Fjordane vart begge vald inn som nye medlemmer til styret. Frå før sit Inger-Margrethe Sørland (23) frå Eggenipa 4H i Gloppen og Kenneth Solstad (21) frå Bergrosa 4H i Luster.

Kristina Støfring (18) frå Eikås 4H i Jølster, Camilla Nesheim (34) frå Troda 4H i Bremanger og Guro Vangen Førde (21) frå Fjelltind 4H i Jølster tok alle attval som varamedlemmer. Dianne Eikås frå Trekløveret 4H i Eid held fram som ordførar, og Steffen Fjellestad frå Hauk 4H i Gloppen tok attval som varaordførar i 4H Sogn og Fjordane. Aina Nordgulen frå Gulen er alumnane sin representant i fylkesstyret.