Gå rett til innhold
Du er her: 4H Norge // Aktuelt // Aktuelt
Del/bokmerk
Kjærleik til naturen

Å tenne bål i regnet er mogleg. Her frå friluftskurs under storkurset til 4H hausten 2018. Foto Roger Eide

Kjærleik til naturen

"Dersom alle gjer ein liten innsats kan me saman skape betre miljø for både menneske, dyr og planter." Les fråsegna frå fylkesårsmøtet i 4H Sogn og Fjordane!

Fråsegn frå årsmøtet i 4H Sogn og Fjordane, Skei 10. februar 2019:

Kjærleik til naturen

Om ein går inn på nyhendene til NRK eller VG er du garantert å finne eit par saker om miljøproblema på kloden vår. I denne overfloda av pessimistiske nyhende har 4H Sogn og Fjordane ei oppfordring til deg som sit og les dette. Vis kjærleik til naturen!

Til alle tider har me menneske utnytta naturen på tusenvis av ulike måtar. Heilt i frå steinalderen der ein nytta den til overleving, og fram til i dag når me bruker den i blant anna fritida vår. Dei siste tiåra har naturen blitt mindre og mindre viktig for å overleve, og meir og meir gløymd. Det har starta å visast, fleire og fleire plassar blir attgrodde og fylt opp som ein søppelplass. Det har me lyst å gjera noko med. Me ynskjer at me skal bli flinkare til å nytte naturen.

Skog, fjell og fjord er dei perfekte stadane for avkopling. I ein hektisk kvardag som me lever i, er det flott å kunne ha ein stad der ein kan slappe av, og berre nyte omgjevnadane og livet. Å vere ute i skog og mark er gratis terapi for alle, i alle aldrar.

Fysisk aktivitet er ein viktig del av livet vårt, for å halde oss friske og motiverte i kvardagen, i tillegg til at det er bra for den psykiske helsa vår. Dessverre, gjer dagens samfunn det vanskelegare enn tidlegare for oss å få den nødvendige fysiske aktiviteten me treng. Menneska har alltid vore i fysisk aktivitet ute i naturen, fram til no. Men naturen er som eit gratis treningssenter med god plass til alle! Så gå meir tur! Det er jo tross alt det me er laga til!

Då “plastkvalen” var på nyhendene var me mange som fekk auga opp for forsøplinga i naturen vår. Me i 4H Sogn og Fjordane har eit ynskje om at det å nytte naturen skal bli ein normal del av kvardagen igjen. Me vil at alle skal bli flinkare til usynleg ferdsel, der me ryddar opp etter oss og legg på plass att steinar og stubbar som me har flytta på slik at ingen kan sjå at me har vore der. Me har ei oppfordring om å innføre denne tankegangen når ein er ute i naturen: “Forlat staden betre enn du fann den”. Dersom alle gjer ein liten innsats kan me saman skape betre miljø for både menneske, dyr og planter.

Så ta fleire turar i skogen, på fjellet eller ved kysten. Vis litt kjærleik til plassen du besøker og plukk litt boss. Ikkje berre er det godt for miljøet, men også deg sjølv!

Årsmøtet i 4H Sogn og Fjordane