Gå rett til innhold
Du er her: 4H Norge // Aktuelt // Aktuelt
Del/bokmerk
Vaksenleiar på Nordisk 4H-leir?

Vaksenleiar på Nordisk 4H-leir?

Dersom du vil vere vaksenleiar på Nordisk 4H-leir i Danmark 20. - 27. juli må du fylle ut og sende inn søknadsskjemaet innan 28. februar.

Som vaksenleiar på Nordisk 4H-leir får du ansvaret for 15 deltakarar. Du må vere tilstades under heile leiren, og vere med på fellesreisa. Vi har også krav om at du gjennomfører Vaksenleiarkurs i regi av Norske 4H-alumnar eller at du kan dokumentere tilsvarande kompetanse. Du må dessutan levere gyldig politiattest.

Hovudleiar for deltakarane frå 4H Sogn og Fjordane er Eirik Hortemo Vikøren.

Fyll ut skjemaet og få ei alle tiders oppleving i lag med kjekke ungdommar på leir i Danmark!

https://docs.google.com/forms/d/e/1FAIpQLSf3uhQLoiAtZ73aa159riR-Fvpu_viwzpdTKybmpk7deBlxtA/viewform