Gå rett til innhold
Du er her: 4H Norge // Aktuelt // Aktuelt
Del/bokmerk
NATTVOLLEYBALLCUP!

NATTVOLLEYBALLCUP!

Fredag 5. april klokka 20 startar den aller første Nattvolleyballcupen i 4H Sogn og Fjordane! Nattvolleyballcupen blir innandørs i Eidahallen på Nordfjordeid.

Vi held på med volleyballspelinga fram til om lag klokka 1.00 om natta. Då er det mulig å ta siste ferje frå Lote til Anda og komme seg heim om natta (i alle fall for dei fleste). Vi ordnar med enkel overnatting for dei som ikkje kjem seg heim, ta med liggjeunderlag og sovepose.

Lag kan stille med 6-10 spelarar, eller ein kan også melde seg på som enkeltspelar og blir då tildelt eit lag. Alle lag må ha med seg ein vaksenleiar.
                                 

Deltakaravgift kr 200 per person inkluderer fellesmåltid. Vaksenleiarar er gratis.

Turneringa er for juniorar og seniorar, altså deltakarar som er fødde i 2007 eller før.


Det vert kiosk under turneringa så det kan vere lurt å ta med litt pengar.
                                 

Påmelding til 4H Sogn og Fjordane: hilde.svaeren@4h.no innan 31. mars.

 

Arrangert av: Eid 4H-nemnd og 4H Sogn og Fjordane