Gå rett til innhold
Du er her: 4H Norge // Aktuelt // Aktuelt
Del/bokmerk
Har du ein draum om å byggje naturmøteplass?

Har du ein draum om å byggje naturmøteplass?

No kan lokale lag og organisasjonar søkje Draumeplassen-konkurransen 2019. Det er 4H Sogn og Fjordane som står bak Draumeplassen, der fem lokalmiljø kan vinne kr 100 000,- kvar og prosjekthjelp til å skape ein naturmøteplass.

Gjensidigestiftelsen har gjeve nye midlar til Draumeplassen. I år fekk tre nye fylke stønad til prosjektet.

Dei fire fylka som arrangerer Draumeplassen-konkurransen 2019 er Troms, Møre og Romsdal, Østfold og Sogn og Fjordane.

- Hjarteleg takk til Gjensidigestiftelsen! Dette innfrir heile 20 nye Draumeplassar, fordelt på fire fylke, smiler Roger Eide, prosjektleiar i Draumeplassen Sogn og Fjordane.

- Desse møteplassane vil auke folkehelsa og engasjere fleire menneske i aktivitet. Her skapar vi gode basar for meistring i friluftsliv, og vi spreier smilande naturglede hjå mange.

Draumeplassen vil vere open og tilgjengeleg, og gjerne universielt tilrettelagt, seier Eide.

 

Korleis søkje

Lokale lag og organisasjonar bør gå inn på heimesida http://www.naturmoteplass.no/draumeplassane

Her finn du meir informasjon om konkurransen, søknadsskjema, mal for skildring av naturmøteplassen, mal for budsjett og kriterie for vurdering av søknaden.

 

Kvart fylke vil ha ein jury som kårar fem vinnarar. Vinnarane får 100 000 kroner og hjelp frå 4H til å utvikle Draumeplassen.

På heimesida kan ein også laste ned ferdige byggjepakkar som inneheld teikningar, material-lister, budsjett og tips til bygginga.

- Set dykk godt inn i prosjektpakka som står i midten, øvst på framsida. Slik får de laga ein god plan for korleis de skal realisere draumane dykkar, tilrår Eide.

 

Søknadsfrist 15. mai

Det er fjerde gong Draumeplassen vert lyst ut i Sogn og Fjordane, og konkurransen i år har søknadsfrist 15. mai.

4H har positiv erfaring med å skape naturmøteplassar i samarbeid med lokale aktørar og Gjensidigestiftelsen, og målet er at konkurransen på sikt vil verte nasjonal.

 

For ytterlegare informasjon, ta gjerne kontakt med:

Roger Eide, prosjektleiar forDraumeplassen Sogn og Fjordane

tlfnr: 952 50 129

E-post: roger.eide@4h.no