Gå rett til innhold
Du er her: 4H Norge // Aktuelt // Aktuelt
Del/bokmerk
Søk om støtte frå Sparebankstiftinga!

Bilde frå fylkesleiren 2018.

Søk om støtte frå Sparebankstiftinga!

15. mai går fristen ut for å søkje om støtte frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane via 4H i fylket. I år går støtta til lokale leirar, friluftstiltak og andre spennande prosjekt i 4H-klubbane.

4H-klubbane kan søkje om støtte frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane via 4H Sogn og Fjordane. I år har vi fått heile 300 000 kr frå Sparebankstiftinga!

Her er tiltaka ein kan søkje om støtte til:

  1. Støtte til lokal 4H-leir. Leiren skal vere open for alle som vil delta og gjennomførast med tanke på miljø, klima og berekraft. Born i alderen 10 år og oppover må kunne delta. Ein får støtte på kr. 8000,- og ein «leirpakke» med t-skjorter til alle på leiren og nokre kjekke 4H-effektar som de kan bruke til t.d. premiar under leiren.
  2. Støtte til andre spennande prosjekt i 4H-klubben. Øvre søknadssum er kr. 25 000,-.

Noko av midlane frå Sparebankstiftinga går til å betale plakettane til alle som mottek denne i 2019, samt til fylkesprosjektet «Fritt fram i friluft».   

Søknaden sendast på e-post til Hilde Sværen, organisasjonsrådgjevar, hilde.svaren@4h.no innan 15. mai 2019.

Søknadene blir handsama av fylkesstyret i mai / juni 2019, og de får melding om de har fått støtte i løpet av juni. Alle som får støtte pliktar å sende inn ein kort rapport (2-3 setningar) og bilete som syner kva midlane er brukt til på e-post til Hilde. Biletet og rapporten kan bli brukt på 4H Sogn og Fjordane si Facebook-side, nettside eller i medlemsbladet. 

Spørsmål? Ta kontakt med 4H-kontoret!

Last ned søknadsskjema (Word) i filvedlegget: