Gå rett til innhold
Du er her: 4H Norge // Aktuelt // Aktuelt
Del/bokmerk
Velkommen til Fylkesleir på Hafslo 27. - 30. juni

Velkommen til Fylkesleir på Hafslo 27. - 30. juni

PÅMELDINGA ER OPEN! Bergrosa 4H, Hafslovatnet 4H og 4H Sogn og Fjordane inviterer deg til 4 kjekke dagar med tevlingar, natur-opplevingar og leirliv i lag med andre 4H-arar frå heile fylket på Hafslo!

Program

Torsdag: Oppmøte frå klokka 14, offisiell opning, bli-kjend aktivitetar, brannøving, førstehjelp og miljøtorg

Fredag: Tur- og tevlingsdag. Tur på føremiddagen, tautrekking og volleyballturnering på ettermiddagen.

Laurdag: Aktivitetsdag. Alle er med på ein valfri aktivitet. Aspirantleiren startar. Open leir om kvelden.

Sundag: Finalar, offisiell avslutning og heimreise.

 

Kom og bli med på aspirantleir!

Alle 4H-arar som blir 10 og 11 år i 2019 er velkomne til å  vere med på aspirantleir under Fylkesleiren på Hafslo.

For deltakarane på aspirantleiren blir det aktivitet og moro på den gamle husmannsplassen Fluga på Hafslo. Me er så heldige at Fluganemndi, som tek vare på plassen, vil vere med å leie ulike aktivitetar for oss der. Her får me leike og lære, og oppleve litt av korleis kvardagen kunne vere på ein husmannsplass i Sogn i gamledagar.

På ettermiddagen er det «Open Leir» der publikum får komme å oppleve korleis me har det på leir. Det blir konkurransar og underhaldning i god 4H ånd. Om kvelden er det konsert og ope miljøtorg.

Aspirantleiren startar laurdag 29.juni kl.12.00 og varer til Fylkesleiren er ferdig søndag 30.juni. Du kan overnatte i teltleiren i lag med klubben din.

Aspirantane skal ikkje melde seg på aktivitet, og det er eiga påmelding til aspirantleiren.

Open leir

Laurdag 29.juni 18.00-21.00 er det open leir.

Kom sjå korleis me har det på leir.

På leirområdet blir det ulike aktivitetar som de får prøve dykk i.

Nokre av aktivitetane er mjølkespannholding, hesteskokasting og hinderløype.
Kanskje er det du som får mest poeng i hestesko, eller står lengst med mjølkespanna..

Det blir sal av hamburgar og open kiosk.

Kl. 19.30 er det klart for konsert.

Det lokale bandet Traktorvaffle vil opptre først og så vil Sindre Steig m/ band avslutta.

 

Turar, fredag

Alle skal velje ein tur ved påmeldinga.

Fluga er ein lett tur. Her går me ilag frå leirplassen til husmannsplassen Fluga. Der vil me få omvisning på husmannsplassen . Turen er på asfalt.

Molden er turen som er mest populær i Luster. Det er ein 4 km lang tur som går på skogsveg, sti og trapper som sherpaer har laga.

Vel oppe på 1116 meter over havet har ein det finaste utsiktspunktet i heile Luster.

Dette blir den lengste turen, men om ein føler det blir for langt er Svarthiller som ligg 865 meter over havet eit alternativ. Svarthiller ligg på veg opp til Molden, og har flott utsikt utover fjorden og mot Ornes på den andre sida.

Me blir frakta i buss opp til Krossen der turen startar.

På alle turane må ein ha gode sko og sekk til å ha niste og drikke i. Det er ikkje høve til å byte tur med mindre det er svært gode grunnar til det. Dersom du må byte tur, ta kontakt med leirkontoret saman med leiaren din.

 

Aktivitetar, laurdag


Alle skal velje ein aktivitet til laurdag.

Volleyball
Volleyball er 4H-sporten og høyrer sjølvsagt med på Fylkesleir!

I tillegg til å spele på tevlingsdagen, kan du finpussa teknikken som deltakar på volleyballkurs på aktivitetsdagen. Birthe Cintha Eilander er med som instruktør.

 

Orientering
Mange meinar at orientering er verdas beste mosjonsform! Orientering kombinerar gode naturopplevingar med fysisk aktivitet og hjernetrim noko som gir deg godt humør, god helse og mykje glede! Har du lyst til å vere med å prøve? På denne aktiviteten lærer me litt om korleis me brukar, og finn fram, ved hjelp av kart. Så får me prøve oss i orienteringsløypa.

Klarar me å finne alle postane og komme oss til målet?

 

Leir-vlog
På fylkesleiren i fjor laga dei ein kjempekjekk vlog frå leiren. Det må me få til i år også!

Er du ein entertainer eller interessert i film og redigering? Har du sett tallause filmar på Youtube? Eller er du rett og slett linselus? ;) På denne aktiviteten kan du få utfalde deg med kreative sprell og briljere med dine tekniske skills. Resultatet blir ein råbra video frå leiren.

 

Kanotur
Naturen byr på mange fine opplevingar. Ikkje berre i skogen og på fjellet, men og langs fjordane og dei mange vatna i fylket vårt. Me kan nesten ikkje vera på Hafslo utan å prøva oss utpå Hafslovatnet. Me set oss i kanoen og glir av garde. Når me kjem fram til Holmen går me i land for ein velfortjent pause. Her er og litt av kvart å utforske. Kanskje me samlast rundt bålet før me set oss i kanoen att og padlar tilbake til leirområdet.

 

Yoga
Bruk sansane, pust, ver til stades i augeblikket. Lytt til naturen rundt deg, kvil auga på det vakre Hafslovatnet og fjella rundt, stå stødig, pust…

Yoga er trening for alle, og for både kropp og sjel. Yoga kan gjerast når og kvar som helst.

Har du aldri prøvd det før? Då har du sjansen no!

 

Urnes
Her i Luster har me Noreg si eldste stavkyrkje, Urnes Stavkyrkje. Ho står høgt og fritt med utsikt mot Lustrafjorden slik ho har stått sidan tidleg på 1100-talet. Urnes stavkyrkje er den einaste i sitt slag på UNESCO si verdsarvliste. Me tek turen hit for å sjå og oppleve denne kulturskatten. På veg til Urnes køyrer me og gjennom vakre og idylliske Solvoren før me tek ferja over fjorden og går turen opp til stavkyrkja.

 

Målekurs
Det er vakkert ved Hafslovatnet, så her er mange fine og inspirerande motiv. På målekurs kan me utfolde oss og prøve å fange noko av dette på lerretet. Undervegs kan me få gode råd om komposisjon, fargeblanding og ulike teknikkar frå ein lokal kunstnar. Aktiviteten passar for alle, og spesielt deg som likar å måle og har lyst til å utvikle deg og lære meir.

På Facebook-sida «Guro’s maleri» kan de sjå nokre av verka til kunstnaren.

 

Med pinnar og garn
Likar du å jobbe med hendene, vere kreativ og lage ting? Blir du med på «Med pinnar og garn» får du strikke ditt eige sitteunderlag. Aktiviteten passar for både erfarne og ferske strikkarar, og her kan me lære av kvarandre! Mønster og fargar vel me sjølve, så her kan kreativiteten blomstre!

 

Tradisjonsmat
Her blir det god stemning og god mat. Kven veit kva dei driftige damene i Jostedal Helselag rører saman? Kanskje potetkaker? Med noko attåt? Eller med sirup på? «Bustudl», baking og god prat på kjøkenet blir det iallefall. Me kan lære mykje om mat og tradisjonar frå desse kunnskapsrike damene, og så blir det jo sjølvsagt smaksprøvar!

 

Flugebinding
Du har sikkert sett dei, midt uti elva, flugefiskarane på jakt etter storfisken. For å få tak i den er det mykje som må klaffe. Ein viktig del av det er sjølvsagt fluga. På flugebinding med oss kan du lære korleis du lagar di eiga fluge, kva er viktig å tenke på og er det noko fasit på dette? Me har fått med ein dyktig og erfaren hobbyfiskar som kan sine saker og som villig lærer vekk til unge håpefulle fiskeinteresserte.

 

Fisking på Hafslovatnet
Lyst til å prøve fiskelukka? Hafslovatnet er 6,5km langt og 2km breitt på det breiaste. Næringsforholda er gode, så her trivst auren! Snittvekta ligg på 300g, men det er gode sjansar å få fisk på opp mot kiloen. Ein og anna heldig fiskar har drege i land aure på 3-4kg her. Her kan du fiske med sluk eller makk. Ta med deg redningsvest og fiskestong eller oter, så set me oss i båten og tøffar framover vatnet.

 

Lustrabadet
Her i Luster er me så heldige at me har vårt eige badeland! På Lustrabadet finn du eit stort idrettsbasseng med to vass-sklier og stupetårn på 1, 3 og 5 meter. Dei har også eit mellomstort varmebasseng med fancy bobler og dyser, varmegrotte, varm- og kaldkulp ute, fleire barnebasseng og badstover.  Her er noko for alle! Skal du slappe av i grotta eller køyre om kapp i den største sklia? Bilete og meir info kan du sjå på «lustrabadet.no»

 

Førstehjelpskurs
Røde Kors Hjelpekorps er Norges største frivillige redningsorganisasjon. Nærare 15 000 medlemmer fordelt i meir enn 300 lokale hjelpekorps over hele landet bidreg i aktivitet for å hjelpe andre. Kvar dag, heile året er eit eller fleire hjelpekorps i aksjon.

Hafslo Røde Kors Hjelpekorps stiller opp og har førstehjelpskurs for oss. Her får me lære om kva Røde Kors og Hjelpekorpsa gjer, me får viktig kunnskap og prøvd oss i praksis.  Me skal innom tema som klatring/rappelering, samband, hjarte og lungeredning HLR og bandasjering/spjelking. Kven veit, kanskje blir du inspirert til å melde deg inn i ditt lokale hjelpekorps ein dag?

 

Brannmann for ein dag
Brannmenn er ekte heltar med ein viktig jobb! Med tungt utstyr og i skumle situasjonar greier dei å halde hovudet kaldt og reddar liv.

Bli med på brannstasjonen i Gaupne og ver brannmann for ein dag. Her blir det omvisning på stasjonen og i brannbilane, og opplæring i brannførebygging. Me får også prøvd oss på å sløkkje brann og testa oss sjølv i den store «brannmann-testen». Har du det som skal til?

 

RIB
Med vind i håret, og til musikk frå stereoanlegget, glir me over indre delar av Sognefjorden i ein komfortabel RIB. Me får oppleve fjord, fjell og høge fossefall frå fjorden, samt høyre guiden fortelje nokre lokale historiar frå området. Eit av høgdepunkta er utsikta mot den 218 m høge Feigefossen. Me gjer korte stopp undervegs for å nyte naturen, og er me heldige, kan nysgjerrige niser og kobber dukke opp og helse på.

Aldersgrense frå 14 år ila 2019, eigenandel 400kr.

 

Rafting
Er du av dei eventyrlystne kan du bli med Elvepurka på rafting på Jostedøla. På si ferd gjennom Jostedalen mot Sognefjorden byr Jostedøla på spanande utfordringar og ei naturoppleving utanom det vanlege. I fleire generasjonar tilbake har ungane langs elva lært seg å halde seg vekke frå elva så ikkje elvepurka kjem å tek dei,- kun dei tøffaste våga seg uti. Med action, moro og ein god dose samarbeid kjem me nok trygt i land att.

Aldersgrense 14 år ila 2019, eigenandel 400kr.

 

Tevlingar under leiren
 

  • Leirkulturtevling, tuntevling.
  • Landkreditt volleyballturnering, kommunetevling.
  • Tautrekking, ei tuntevling
  • Eksteriørdømming av ku
  • Fritt fram på scena, her kan du syngje, danse, spele sketsj eller anna underhaldning. Alle som deltek får premie
  • Og endå nokre fleire 😊

 

Praktisk informasjon

Alder: Du kan bli med på fylkesleir frå det året du fyller 12 år.
Aspirantar på 10 og 11 år kan delta på aspirantleiren 29.- 30. juni.

Leiravgift: Kr 950,- for medlemmer, kr 800 for søsken (nr 2, 3 osv).
kr 500,- for born av leiarar under deltakaralder som er med på leiren.
kr 500,- for leiarar ut over 1 per 10 leirdeltakarar.
Pris for aspirantleiren er kr 400,-

Alle klubbar må ha med seg ein leiar per 10 påmelde.

Påmelding: Påmeldinga opnar på «min side» på 4h.no 1. mai.
Siste frist for påmelding er 1. juni. Påmeldinga er bindande.

Mat: Leirkomiteen serverar frukost og middag, og alle lagar matpakke til lunsj.

Overnatting: Deltakarar og leiarar bur i telt / lavvoar som de har med sjølve. Ein presenning kan vere lurt å ha under teltet dersom det er vått. 4H-klubbane vert delte inn i tun og bur saman med andre klubbar.

4H-butikk og kiosk: Fylkeskontoret vil ha butikk på leiren. Der kan ein få kjøpt 4H-artiklar som solbriller, t-skjorter, drikkeflaske  +++  SOFA har kiosk i miljøtorget under leiren.

Tunbygging: I tuna er det ikkje lov å bruke spikar, men det kan vere kjekt å pynte i tunet likevel. Tenk på korleis de vil gjere dette før de reiser på leiren, slik at de kan ta med dykk materiell heimanfrå (klubbfaner mm).

 

 

 

 

Snakkast på leir!