Gå rett til innhold
Du er her: 4H Norge // Aktuelt // Aktuelt
Del/bokmerk
Gaupa 4H gjennomfører 61 grader Nord

Gaupa 4H gjennomfører 61 grader Nord

24. - 25. mai fekk medlemmane i Gaupa 4H delta på 61°Nord. Fredag ettermiddag vart medlemmane delte i to lag. Begge lag vart frakta med bil til ukjend startposisjon.

På blått lag var det 14 medlemmar frå 4. til 5. klasse, medan raudt lag bestod av 10 medlemmar frå 6. til 9. klasse.

Blått lag vart køyrt fram til Hildastøylen. Der fekk dei informasjon om overnatting i hytte og at dei kunne legge frå seg underlag og soveposar. Etter å ha pakka sekkane for ein dagstur måtte dei orientere seg fram til første post, der dei fant proviant og plankar som dei trengte på turen. Dei gjekk stien framover dalen frå eine merket til neste. Ved kvar sløyfe fekk dei spørsmål om naturen og poeng tildelt ved riktig svar. Då stien kom heilt bort til elva, fekk dei utfordringa med å vasse over. Så gjekk turen tilbake til støylen der det vart grilling av pølser og mykje moro.

Raudt lag vart sett av på Skarsteinsætra. Der vart dei orientert om opplegget og fekk i oppgåve å stemme på den dei meinte skulle starte som leiar for laget. Første oppdrag var å løyse ein rebus for å finne ein kasse med proviant og nyttig utstyr til turen og fordele dette rettferdig på deltakarane i laget. Vidare måtte deltakarane bære med seg ein planke som skulle nyttast til neste oppdrag. Turen gjekk mot Honnvasshytta der dei skulle overnatte. Laget måtte samarbeide for å løyse ulike oppdrag på vegen. Planken dei bar med seg vart nytta til å krysse elva ved «Fossen». Deltakarane måtte hjelpe kvarandre slik at alle kom seg tørrskodd over elva. Vidare fekk deltakarane ulike oppdrag som dei skulle løyse i fellesskap. Dei skulle svare på spørsmål, finne vegen ved hjelp av kart/GPS, finne namn på vatn og fjell, kaste ringar på pinne og hjelpe kvarandre over snøfonner og elvar. Poeng vart tildelt ut frå kor godt oppdraga vart utført. Ut på kvelden kom laget fram til Honnvasshytta. Der vart det varm mat og sosialt samvær.

Laurdag gjekk blått lag frå Dragesetstøylen til Hestehytta. Dei kom først fram og måtte vente på raudt lag som kom heile vegen frå Honnvasshytta i tåka. Så vart det lunsj og nye tevlingar før ein til slutt kåra eit vinnarlag.

61 grader Nord vart ei veldig kjekk oppleving for små og store! Positive og blide ungar og ungdommar samarbeidde, motiverte kvarandre og stod på for å løyse oppdrag i fellesskap.