Gå rett til innhold
Du er her: 4H Norge // Aktuelt // Aktuelt
Del/bokmerk
Endring i staben på 4H-kontoret i Rogaland

Markering av at Katrine hadde vore tilsett i 10 år under Landsleir 2018

Endring i staben på 4H-kontoret i Rogaland

Etter 11 år i 4H, er tida komen for at Katrine Sægrov har lyst til å prøve noko anna. Ho har fått ein spennande jobb som fylkessekretær i Senterpartiet. Vi gratulerer!

-På kontoret har Katrine sin jobb handla mykje om klubbservice og fylkesarrangement som til dømes Storkurs og Styrevervkurs. Det er mykje erfaring og kunnskap som no ikkje lenger finnes på kontoret, seier regionleiar Synnøve Jørgensen. Vi kjem til å sakne Katrine, men gler oss over at ho får moglegheita til spennande nye utfordringar! 

4H har nå auka stillingsprosenten til Anne Olsen, og kjem så snart som mogleg til å lyse ut ei heilt ny stilling (70% fast). 1. juli trer ny organisering i kraft i 4H Norge, og Synnøve blir regionkoordinator for Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

-Dette fører til endringar for alle tilsette i 4H, og vi må derfor uansett definere stillingane på ny. I Rogaland vil vi satse på ein arbeidsfordeling der Anne har ansvar for meir administrative oppgåver, mens ny stilling vil bli spissa meir mot arrangement, fortel Synnøve.

Kunne du tenke deg å jobbe på 4H-kontoret i Rogaland? Ta kontakt med Synnøve.

 

 

 

 

 

På grunn av sommarferien, hadde Katrine sin siste arbeidsdag allereie onsdag 29. mai. Vi ønskjer henne lukke til i ny jobb og takkar for alt ho ha bidratt med i 4H! 

Det er ikkje enkelt å finne bilete av fotografen ;-), men vi har leita og funne nokre i arkivet. 

Klikk her for å sjå fleire bilete.