Gå rett til innhold
Du er her: 4H Norge // Aktuelt // Aktuelt
Del/bokmerk
Klart for fem nye Draumeplassar i fylket

Klart for fem nye Draumeplassar i fylket

Dei fem vinnarane av årets runde av «Draumeplassen» er no kåra, og kan dermed byrje arbeidet med å skape ein lokal naturmøteplass.

Årets vinnarar er Askrova Bygdelag på Askrova, Dalen Grendalag i Bremanger, Fossekallen 4H i Oppstryn, Gaupa 4H i Innvik og Stadlandet IL/Barnas Turlag Stadlandet i Borgundvåg i Selje. Vinnarane får 100 000 kroner og prosjekthjelp til å byggje naturmøteplass.

- Det er over all forventing og vi er kjempeglade for at fleire skal få ta del i Askrova som er vår Draumeplass, og sjå alt vi har å by på her ute. Askrova blir kalla den Grøne Smaragd, fordi vi har ein flott natur med enorm variasjon, som gjer dette til ein perfekt stad å lage ein naturmøteplass. Derfor er vi ekstra takknemlege for at vi får denne moglegheita av 4H Sogn og Fjordane og Gjensidigestiftelsen, strålar Siri Sunde og Kjersti Olsaker i Askrova Bygdelag, som er ein av vinnarane.

Møteplassar i nærnaturen:

Det er 4H Sogn og Fjordane som står bak konkurransen som starta i 2015, og som framleis er støtta av Gjensidigestiftelsen. Det kom inn 17 søknadar til fylket i år, og fristen var 15. mai.

- Draumeplassen engasjerer til meir friluftsliv i nærnaturen for mange. Born og unge skal vere aktive i heile prosessen, og vi vektlegg skildringar som viser omtanke for naturen, smiler Roger Eide, prosjektleiar i 4H Sogn og Fjordane.

- Eg gler meg til å fylgje vinnarane frå livleg draum i starten, læring og meistring i byggjeprosessen framover – heilt til samling kring grua på ferdigbygd Draumeplass. Dette er feltbasar i nærmiljøet som blir spesielt viktige formidlingsarenaer i tida framover. Her styrkjer vi kunnskapen, haldningane, kulturen og viljen hjå oss alle – til å vakne skikkeleg opp, iverksetje berekraftig handling og ta meir vare på naturen ikring oss.

- Klima og natur heng i saman og alt er avhengig av kvarandre, i dette finurlege og skjøre puslespelet. Jamfør den nylege situasjonsrapporten frå naturpanelet hjå FN. Draumeplassen fremjer fokus på det vi vil ha meir av; det grøne skiftet, meir naturglede, friluftsliv, fysisk aktivitet og ei betre folkehelse. Alle søknadene vi fekk inn vitnar om at møteplassar i nærnaturen er godt i vinden.

Tre nye fylke får Draumeplassen i 2019:

Det er fjerde gongen 4H Sogn og Fjordane lyser ut Draumeplassen-konkurranse i fylket, der alle lokale lag og frivillige organisasjonar kan søkje.

- Eg vil takke Gjensidigestiftelsen hjarteleg for støtta som gjer dette mogleg, spesielt sidan stiftinga valte å støtte heile fire fylke med årets Draumeplassen-konkurranse, seier Roger Eide.

- Dei tre nye fylka er Troms, Møre og Romsdal og Østfold, som også fekk midlar til fem Draumeplassar i sine fylke. No byggjer vi stein på stein framover, for ei nasjonal satsing. Samstundes skal vi også søkje viktig balanse med å ikkje tilretteleggje for mykje i naturen. Her trengst ei jamvekt med nok urøyrt natur, vern, ro og stille.

- Vidare vil eg takke for innsatsen og engasjementet, til dei søkjarane som diverre ikkje vert vinnarar i år. Dei vil få informasjon om korleis dei kan jobbe vidare, for å vonleg realisere naturmøteplassen sin i framtida, oppmuntrar Eide.

Godt fornøgd med søknadane:

Hjørdis Vik frå gåvestyret i Gjensidigestiftelsen var med i juryen som kåra dei fem vinnarane i Sogn og Fjordane. Ho er godt fornøgd med søknadane som kom inn frå lokale lag og frivillige organisasjonar i fylket.

- Gjensidigestiftelsen er opptatt av lågterskeltilbod som treff mange og som fremjar aktivitet og samhandling i lokalmiljøet. Vinnarane i årets runde har god spennvidd, frå tradisjonelle naturmøteplassar til utvikling av allereie eksisterande område med nye aktivitetar og fasilitetar.

- Alle vinnarane scorar høgt på dei kriteria vi har sett for konkurransen, både når det gjeld involvering av barn og unge, høve til læring om naturen og at plassane skal vere opne og tilgjengelege for alle, fortel Hjørdis Vik og held fram:
- Det er kjekt å sjå at det veks og blomstrar på Draumeplassane våre!

Bilete av juryen i Draumeplassen-konkurransen Sogn og Fjordane, frå venstre: Regionleiar 4H Nordvest Hilde Sværen, prosjektleiar Roger Eide, styremedlem i 4H Sogn og Fjordane Camilla Nesheim og representant frå Gåvestyret i Gjensidigestiftelsen Hjørdis Vik.

For meir informasjon, kontakt:
Roger Eide, prosjektleiar i 4H Sogn og Fjordane: 952 50 129
Hjørdis Vik, Gjensidigestiftelsen: 938 90 188