Gå rett til innhold
Du er her: 4H Norge // Aktuelt // Aktuelt
Del/bokmerk
Leirliv på Vona

Leirliv på Vona

Von 4H arrangerte leir på Vona siste helga i mai, for klubbane i Naustdal

Vi var 26 stykker som overnatta ute i telt, hengekøye eller svevetelt.


Angelika S. Fimland, Malene Haldbrend og Kristine Ullaland sov tørt under tarp i hengekøyene sine.

Vi hadde konkurransar og ulike leikar. Kano, kaiakk, og robåt vart flittig brukt av ivrige unge. Vi hadde alle typar veir, men hugsar nesten berre det gode. Vi erfarte korleis det kan vere lurt å kle seg og kva sko som ikkje passar uti våt skog. Dei fleste sov godt gjennom natta, men nokre måtte fylle på med varmare klær. Om morgonen våkna vi til snø langt nedi liane. Vi fekk servert god mat, ja til og med brownis og pavlovakake får ein uti skogen. Vi hadde to supre dagar ute og gler oss alt til neste gang.


Ein av konkurransane var å kaste redningsline oppi ein båt. Det er mykje vanskelegare enn ein trur.


Søndags morgon trekte vi tre fiskegarn. Desse gutane tok seg av sløyinga av dei 16 fiskane.